Om SSC-seksjonen
    Lisensinfo
    Snow Drag/Hill
    Snowcross
    Snow Touring/SNØFOR
       Nyheter
       Om Snøfor
       Styret Snøfor
       Aktivitetsplan
       Godkjente scootere
       Motorferdelsesforsøket
       MoSa
       Kjør smart fra start
       Fakta & Argumenter
       Scootervettregler
       Protokoller
       Linker
    MSK Arkiv
    Seksjonsårsmøter
    Motorsportkonferansen 2010
Personlig profil:
Brukernavn:
Passord:
Glemt passord
Spørsmål og svar
Snow Touring/SNØFORTilbake

Snøskuter og lokalt sjølvstyre  (21.9.2007)

Direktoratet for naturforvaltning i Trondheim er på nytt ute etter å minske det kommunale sjølvstyret og undergrava den ansvarsretten enkeltmennesket har.



Framlegget til nye retningsliner for snøskuterbruk er så innskrenkande at det går på tvers av folkeviljen, ikkje minst i dei åtte-ti fylka der snøskuter i mangt har praktiske og nyttige  funksjonar.
Den nye landsomfattande Snøskuterforeningen (SNØFOR) har før valet utfordra listetoppar i partia om deira haldningar til det foreslåtte forbodet mot turkøyring med snøskuter. SNØFOR sitt alternativ er er å halde på forbodet mot motorferdsel i utmark, men la kommunane sjølve bestemme om det skal lagast eigne reguleringsplanar for løyper og område der køyring skal tillatast.

Svaret frå lokalpolitikarane viser at 180 støttar SNØFOR, men berre 6 støttar Direktoratet. (Det er berre partiet Rødt som kollektivt støttar DnF).
”Det er bra at lokalpolitikerne sier fra,” seier leiar i SNØFOR, Jon Olav Alstad, tidlegare stortingsrepresentant (A) frå Nord-Trøndelag, nestleiar Hallgrim Berg, tidlegare stortingsrepresentant (H) frå Buskerud, og styremedlem Steinar Kyrvestad, ordførar i Valle (Sp) i ei pressemelding 14.september: ”Vi må få sentrale myndigheter til å innse hvor viktig snøskuteren er i deler av landet. Det kan ikke være slik en lov blir vedtatt på bakgrunn av myter, derfor må det mobiliseres før Stortinget skal behandle loven.”

Dei folkevalde kan kjenne seg trygge på folkemeininga i dei 8 fylka med flest snøskutarar:
Nær 70 % meiner det bør vera lov å køyre snøskuter på attsnøga skogsbilvegar; 65% meiner snøskuterturisme gjev auka sysselsetjing i utkantstrøk; 75% er positive til merking av lokale skutertrasear; 80% seier ja til å nytte snøskuter for å frakte varer, bagasje og menneske til og frå eigen  hytte; 63% vil at kommunane skal ta over forskriftene til snøskuterkøyring.
Det er no viktig at kommunane landar på rett side i interessekampen. Dette er ein strid mellom urban teoribygging og omsynet til praktisk næringsdrift og rekreasjon for unge og eldre i norske utkantkommunar.

 

Hallgrim Berg







Siden er tilpasset for utskriftSkriv ut
  Snow Touring/SNØFOR
  Nyheter
  Om Snøfor
  Styret Snøfor
  Aktivitetsplan
  Godkjente scootere
  Motorferdelsesforsøket
  MoSa
  Kjør smart fra start
  Fakta & Argumenter
  Scootervettregler
  Protokoller
  Linker

  Tilbake

© 2010 Motorsportforbundet All rights reserved
Norges Motorsportforbund
Nedre Storgate 13
3015 Drammen
tlf: +47 32 01 61 80    faks: +47 32 01 61 86
Design/teknisk utvikling:
i samarbeid med Edda Digital